I «Livet etter Danvik» møter du tidligere danvikelever som har gjort karriere i bransjen. For disse startet det hele på Danvik og siden har de jobbet seg opp og fram.


Jostein Vedvik

TV-produksjon 2017/2018


Hvor jobber du nå?

– No er eg frilanser å lager innhold til bedrifter, organisasjoner, som til dømes Renault Norge og politiske parti og restaurantkjeder som Knutholmen. I tillegg lager eg innhold for artister og selger veggbilder.

Etter året på Danvik, hvor gikk veien videre?

– Rett etter Danvik jobba eg hos MTG Music som innholdsprodusent og fekk gjort mykje forskjellig. Laga alt frå banners, cover-design, og tok pressebilder til promo og musikkvideoer til artister.

Når eg var ferdig i MTG etter eit år gjekk veien vidare til å jobbe frilans I Oslo, der eg i tillegg hadde ein 40% stilling hos Danvik som miljøarbeidar og assisterande fotolærar. I Oslo fekk eg fortsette med å lage innhold og musikkvideoer for artister og gjor jobber for kunder som Den Norske Opera og andre små og store bedrifter.

Så kom Koronaåret og eg flytta heim til Førde. Ein skulle tru at korona kanskje satt ein stopper for oppdrag, men det vart stikk motsatt. Den sommaren begynte eg å jobbe for Renault og lagde ein nasjonal reklame for dei, saman med ein god ven og samarbeidspartner Ingeborg Sol Fure, som no er ambassadør for Renault. Eg lagde videoar for reiselivsbransjen, sidan Norgesferien var i full sving og eg begynte også med boligvideoar som var ein fin ekstra inntekt. Etter ein fin sommar med mykje jobb gjekk eg inn i ein fast jobb i eit mediebyrå i heimbyen Førde og jobba der fram til august 2021.

Hva har Danvik betydd for din karriere?

– Danvik var eit springbrett inn i bransjen, eg fekk gode kontakter og erfaringer som eg har tatt med meg vidare.

Har du et godt tips til de som vil inn i bransjen?

1. Nettverk og kommunikasjon er nøkkelen til å komme seg inn. Ein må tørre og ta ein prat med folk, sende den mailen, ring den bedrifta eller møt opp på døra.

2. Gå på ein skule som har gode ordninger for å få praktisk læring inn mot bransjen. Der er Danvik gode. Det er mange Høgskuler som også er gode på det.

3. Vis fram det du driver med. Vi lever i ein verden der alt skjer på sosiale medier, og viss du lever under ein stein og ikkje viser fram kva du er god på, så kan du gå glipp av mange gode moglegheiter. Her kan ein bruke Instagram, Tik tok, Snapchat eller lage eigen nettside (Superenkelt på sider som Wix.com og Squerespace.com).

4. Det kan vere lurt å lage eigne kreative prosjekt som viser dine kvaliteter.

5. Ta nokre gratisjobber for å vise folk kva du kan. Det vil kanskje etterkvart lønne seg om dei vil fortsette å jobbe med deg.

Hva er ditt beste danvikminne?

    – Den er tricky. Eg har tre gode minner eg vil trekke fram:

    1. Klassen skulle lage ein TV-sending der eg og ei som heiter Kari var produksjonsleiarar. Klassen sprang rundt i 2 uker med intenst arbeid, der alle stod på for eit felles produkt og det var så kjekt vere med på eit prosjekt som det. Da vi var ferdig var alle så glade, dansa rundt og vi høyrte på We are the champions på full guffe.

    2. Rundt juletider skulle vi lage julekrim og Kari hadde skrevet eit kjempekult manus, som eg fekk vere foto på. Vi lagde kule kostymer og gjekk virkelig inn for å lage eit så bra utrykk som mogleg. Det var eit veldig kjekt samarbeid.

    3. USA-turen var herleg! Fine folk og veldig kjekt opplegg. Eg har laga ein Vlog som viser kor gøy det var.

    Den kan du se her: